Nyheter
Adventskonsert med Hans Inge Fagervik!
Hans Inge Fagervik kjem til Kviteseid for å ha adventskonsert i Kviteseid kyrkje laurdag 26. november kl 17! Hans Inge Fagervik har gjeve ut 20 album og vitja 25 land med musikken sin, og mange av songane hans er omsett til andre språk. Dei mest kjende er nok ”Farvel Marita” og ”La mæ gi dæ ei hand”, som er blitt kåra til beste veldedighetssong gjennom alle tider av NRK sine lyttarar.
Denne gongen er han på adventsturne med songar henta frå hans eiga album «Deilige Desember». Han har med seg to av landets finaste musikarar: Rasmus Solem på tagentinstrument og Trygve Hellesen på fløyter, saksofon og gitar. Han har og ein dyktig medvokalist i kona Merete Haslund.
”Er det en konsert du trenger å få med deg før jul, vil vi anbefale Hans Inge Fagerviks adventskonsert, for dette var ikke bare en nydelig konsert, men den gav oss mange varme og gode tanker å ta med oss inn i jula.” Trønder-Avisa