Meny
KALENDER
tirsdag 17 mai
Kviteseid kyrkje
Fjågesund kyrkje
Brunkeberg kyrkje
søndag 22 mai
11:00
Friluftsgudsteneste
Vrådal gamle kyrkjegard
torsdag 26 mai
11:00
Konfirmasjonsgudsteneste
Vrådal kyrkje
13:30
Konfirmasjonsgudsteneste
Brunkeberg kyrkje
Dåpsinfo
Dåp i Kviteseid sokn 
I Kviteseid sokn ynskjer me å leggje til rette for dåp i dei fleste gudstenestene. Til venstre i margen finn de ei oversikt over kva datoar det er gudsteneste i dei ulike kyrkjene. Når de har sett dykk ut ein dato, er det bare å ta kontakt med sekretær eller kyrkjeverje for å avtale stad og dato for dåpen.Barnedåp
Ved barnedåp treng me namn på barnet og foreldra, og namn på fadrane når de har fastsett dette.
Presten vil ta kontakt med dykk i god tid før dåpsdagen for å avtale ein samtale med dykk som foreldre i forkant av dåpen. Denne er ofte privat hos dåpsfamilien, men kan òg være på prestekontoret om de ynskjer det. I samtalen samtaler me om det som skjer i dåpen og om trusopplæring mellom anna.
Dersom de bur i ei anna kommune, gjer de avtale om dåpssamtalen med prest i heimesoknet dykkar.
Dåp av større born, unge eller vaksne:
Me er glade for å ta imot både større born, ungdom og vaksne som ikkje er døypte tidligare til dåp. Dette kan skje enten i ein av dei fastsette gudstenestene eller i ei eiga gudsteneste. Ta kontakt om du er interessert. Du vil få ein samtale med presten der de saman finn ut om du treng meir opplæring i den kristne trua før dåpen. Ungdomar som ikkje er døypte kan følgje konfirmantundervisning gjennom året og bli døypte på våren før sjølve konfirmasjonsgudstenesta.
Alle som skal døypast treng to eller fleire fadrar som kan vere vitne til dåpshandlinga, samtale med deg og lære deg om trua. Om du ikkje sjølv kjenner nokon som kan vere fadder, kan me hjelpe deg med å finne fadrar.
Velkommen til dåp!
Slik registrerer du ynskje om dåp.
Ofte stilte spørsmål om dåp.
Den norske kyrkja si informasjon om dåp.
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
Kontaktinfo
Kviteseid kyrkjekontor
finn du på kommunehuset
i Kviteseid sentrum
Adresse:
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Åpningstider:
Tirsdag.-fredag.
kl. 09.00-11.00
Kyrkjeverje:
Kristen Salmelid
350 68 131, 970 47 860
post@kyrkjetrappa.no
Sokneprest:
Møyfrid Lunde
350 68 132, 469 07 231
sokneprest.kviteseid@kyrkjetrappa.no